Drømt like før jul:
Eg har fått meg jobb som gatevervar i Legar utan grenser. Eg er stolt og seier det til alle.
På første arbeidsdag blir eg bedt om å møte opp på eit skianlegg ute i skogen.
Her blir eg og andre tilsette utstyrt med slalomski, walkie-talkiar og avtalegiroar for å
verve nye medlemer. Sjefen seier at det ikkje er mulig å verve folk i byen lengre.
Det finst berre kalde og kyniske menneskje i sentrum. Derfor må vi verve folk som køyrer slalom istaden, seier han. Her i slalombakken er alle så glade og fornøgde. Dei har eit anna perspektiv på livet.
Litt usikker på korleis dette reint teknisk skal gå for seg, sjanglar eg ut i løypa for å finne mitt første medlem. Eg klarar å komme meg opp på sida av ein fyr som ikkje køyrer så alt for fort. Har du eit minutt, spør eg andpusten. Eg lurar på om du kunne ha tenkt deg å bli medlem i Legar utan grenser, følgjer eg opp. Fyren skular bort på meg og seier at han gjerne kunne ha tenkt seg det, men akkurat no driv han å køyrer slalom, så det passar litt dårleg.
Walkie-talkien min gir lyd frå seg. Det er kollegaene mine som rapporterer inn den første fangsten. Ein av dei er oppe i fem medlemer allereie. Eg forstår ikkje korleis det er mulig. Eg bestemmer meg for å prøve litt hardare. Eg ser meg ut neste offer i bakken, og rasar i veg mot han. Men eg mistar balansen før eg når fram, og går på trynet slik at alle avtalegiroane mine flagrar utover løypa.
Når eg kjem til meg sjølv igjen, har eg hamna eit godt stykke nede i bakken.
Eg er omgitt av folk som stille og tankefulle tuslar omkring medan dei mumlar
uforståelege ting til seg sjølv. Enkelte har på seg presteklede, og flokkar seg omkring ein stor tv-skjerm. Eg får greie på at det heile er ei kristen markering for ein familie i Düsseldorf
som er kjend for å ha ete tjuefem levande katter til lønsj for hundre år sidan. Den store tv-skjermen viser ein hakkete svartkvit-video av den historiske hendinga. Far, mor og tre stivpynta søner sitt rundt eit bord, og delar kattene demokratisk mellom seg. Mens duken blir dekt i blod og innvollar, kan du kan sjå det på dei undertrykte smila deira at dei veit dei er med på noe stort.
Eg blir vanvittig kvalm, og fell på kne mens eg hiver etter luft.
Eg har fått nok av både verving og glupske, tyske familiar, og bestemmer med for å komme meg lengst mulig vekk frå denne plassen. Eg må berre ta ut litt pengar først.
Eg finn ein minibank og stiller meg bakerst i køen. Foran meg får eg auge på ein tjukk, skalla fyr med dongerivest, som driv å plagar ei gamal dame. Han ler hest og trugar henne med å ta pengane hennar. Han er ei klassisk minibankbølle. Eg vil ikkje vere ein slik type som står å ser på at gamle damer blir plaga i kø. Her krevst det handling.
Eg går rolig bort til minibankbølla for å fortelje han akkurat kva eg meiner om slik oppførsel. Men på den korte vegen bort, mistar eg tolmodet totalt. Det resulterer i at eg tar fart og sparkar han i trynet så hardt eg kan. Han fell bakover og landar i ei grøft.
Eg fortsett med å hoppe opp og ned på ansiktet til bølla mens eg hyler "Kan du ikkje berre dø!?"til eg mistar stemmen.
Folk ser på med skrekkslagne auge, og det går opp for meg at resten av køen ikkje delar mi oppfatning av heltedåden. Eg har gått for langt. Men eg har ikkje pust eller vilje igjen til å unnskylde meg. Eg skubbar dei til side mens eg går målretta tilbake mot minibanken.
900 kr skal eg ha. Eg trykker på knappen, og er akkurat for sein til å sjå ein notis som er
klistra opp ved sida av maskina. Der står det ikkje lengre er mulig å ta ut pengar på denne minibanken, men at kunden vil få tilfeldige velte konsertbillettar til same verdi som det ønska beløpet.
I neste sekund blir eg bombardert av ca. 900 JahnTeigen- og D.D.E-billettar.
Analyse: Eg skal ikkje seie så mykje her. Eg er meir spent på kva folket meiner. Kom alle hobbypsykologar og skapfreudianarar. Eg vil ha svulstige tolkingar og frappante, heimesnekra analyser. Helst fri for dei vanlege anbefalingane til billege helsetenester.
Eit teikn på at eg enno er ved mine fulle fem, er at eg estimerer verdien av Jahn Teigen-billettar til ca. ei krone stykket.

2 kommentarer:
Eg trur skianlegget tyder t-banen. Rett og slett så banale har draumane dine vorte i det siste.
Walkie-talkien derimot, den trur eg er eit bilde på helsa si, den gjev lyd frå seg og slit i kulda. Du bør ta tran, slik som draumen din rår deg til med Jahn Teigen-konsertar. Med vondt skal vondt fordrivast! DDE er forresten undervurdert.
drømmer du ikke lengre? på tide med oppdatering!:)
Legg inn en kommentar