Eg må berre beklage mangelen på oppdateringar. Eg skal skjerpe meg. Æresord.
Til mitt forsvar har eg ikkje fått tid til å sove det siste året, og det har dermed vore lite å skrive om. Her om dagen fekk eg pressa inn eit par minutt på øret, og den underbevisste hjernen min dikta opp dette:
Eg er på veg til jobb. Ved inngangspartiet til kontoret blir eg nedrent av ein illsint folkemasse. Tilsette spring panisk rundt i ring og deler ut pamflettar, mens dei hyttar med knyta nevar og skjeller ut regjeringa, staten og det som er.
Her må det ha skjedd noe drastisk over natta, tenkjer eg. Men ingen er i stand til å fortelje meg kva saka gjeld. Dei er for oppskaka.
Ein kollega gjer eit forsøk, men blir overvelda av kjensler og må sette seg ned før han får forklart seg. Det viser seg etterkvart at det heile er ein reaksjon på eit direktiv frå regjeringa som omhandlar ei form for kopiavgift, eller skatt på papirark. Noe i den duren.
Medan eg etter beste evne prøver å tolke innhaldet i ein av pamflettane, blir det blir heldt høglytte appellar frå ei gardintrapp, der folkemassen svarar med ekstatiske og valdelege kamprop.
«Har du ikkje signert oppropet?!» Ein annan kollega ser på meg i vantru. «Vi må vise dei fascist-jævlane, at vi ikkje går med på matkspelet deira» får eg forklart. Utan at det er heilt klart for meg kven desse fascist-jævlane er, spør eg forsiktig om eg kan låne ei penn. Men det er visst feil det og. Folk bryt ut i krampeaktig og hatsk latter når dei høyrer om han dusten som ville signere med ei penn.
Penn? Nei, her er det ikkje noe penn. Det er derimot ei gigantisk lever. Ei gigantisk menneskelever omgitt av gelatin som kvilar mot ein krok. Levra er minst to meter høg, og folk står i kø får å skjære bitar av ho. Dei klistrar dei blodige bitane sjølvtilfredse til pamflettane sine. Dette er alvor.
I følgje kvasivitskapelege nettstader som tar for seg psykoanalytisk drømmetolking, er det å drømme om ei lever ofte synonymt med store psykologiske problem, å vere djupt indignert over noe, eller å føle seg utilpass og forlatt. Eventuelt at ein burde drikke mindre alkohol. Andre ser ut til å meine at ei lever kan representere eit barn, eller det å finne skjulte pengar. Ein astrolog foreslår at ei lever er flammen i sjela mi, og at eg er i ferd med å luke ut dårleg energi frå livet mitt. Medan ei kristen side slår fast at dette er eit sikkert teikn på at eg snart kjem til å gifte meg.
mandag 30. mars 2009
fredag 18. januar 2008
For sein til jobb
Drømt for eit par veker sidan:
Faen. For sein igjen.
At det går an. Eg som hadde så god tid.
No ringer dei frå jobb, og alt.
Eg parkerar sykkelen, og småspring oppover gatene mens eg famlar etter mobilen.
Kor blir det av deg, gnell sjefen min inn i øyret mitt.
”Eg er like rundt hjørnet. Er der om fem” svarar eg andpusten.
Men eg er ikkje det. Eg har misrekna hjørne, og er mange kvartal unna.
Rådvill hoppar eg på næraste buss for å vinne litt tid. Eg slenger meg ned i eit sete,
og lukker augo i eit par sekund for å samle tankane.
Men når eg opnar dei igjen oppdagar eg til min skrekk at bussen er i ferd med å ta meg med ut av sentrum.
Eg blir sett av på neste stopp, og byrjar å sjå meg om etter bussar som går i motsatt retning.
Eg kan framleis rekke det. Eg finn ein som ser ut til å gå den rette vegen, men etter noen meter snur bussen i ei rundkøyring og fortsett ut av sentrum og ut av byen. Eg hamrar panisk på stoppeknappen og ropar stygge ord mot bussjåføren, men til inga nytte.
Det er ikkje haldeplassar på fleire mil. Eg kjem meg omsider av ved ein tunnel like ved sjøen.
Eg anar ikkje kvar eg er, og kan berre skimte byen i det fjerne. No ringer dei frå jobb igjen, men eg klarar ikkje å ta telefonen. Eg søkk oppgitt saman med ryggen mot tunnelveggen og ansiktet begravd i hendene. Eg veit verkeleg ikkje kva som skjer. Eg ber ikkje om mykje. Eg vil berre komme meg på jobb – men det er visst klin umulig. Det er takka ein får for at ein prøver.
Eg kunne lett ha sagt eg var sjuk, og gitt faen i heile opplegget.
Men no får eg trøbbel berre fordi eg var lojal nok til å gjere ein innsats.
I eit sekund ønskjer eg at eg var religiøs, slik at eg kunne fornekte ein eller annan gud.
Gjere det dramatisk og greier. I staden pælmar eg sekken min i bakken, og sparkaren den bortover asfalten. Det kjenst godt det og. Til helvete med alt. Eg gir opp. Det er offisielt.
Ein bil stoppar like ved. Sjåføren stikk hovudet ut av vindauget og smilar mot meg.
Eg sender eit krast kva-er-det-du-stirrer-på-kan-du-ikkje-sjå-at-eg-har-ei-personlig- krise-blikk tilbake.
”Har du ein dårleg dag?” spør hovudet.
Eg får lyst til å være sarkastisk og jævlig, men blir så satt ut av det ærlige spørsmålet at eg ikkje får fram anna enn eit tørt ”Ja.” ”Eg er litt for sein til jobb”.
”Kom så skal eg køyre deg dit” seier hovudet like blidt.
Dette er det dummaste eg har høyrt på lenge, tenker eg. Men eg har ikkje meir opprør att i meg. Lydig opnar eg døra til passasjersetet sett meg inn. Eg drar kjensel på sjåføren. Det er Valgjerd Svarstad Haugland. Tidlegare kultur- og kyrkjeminister. Valgjerd plukkar opp sekken min frå bakken, og seier at alt skal gå så bra, så.
Eg finn ikkje ord for kor absurd alt dette er. Får lyst til å protestere mot denne dagen, men veit ikkje kor eg skal begynne, eller kvar eg skal registrere klagen - eg blir berre sittande apatisk i setet å høyre på Valgjerd Svarstad Haugland plystre heile vegen mens ho køyrer meg til arbeid.
Visste du at det var Valgjerd Svarstad Haugland som offisielt gjekk god for farge-tv i Noreg?
På papiret hadde det visst berre vore ei prøveordning, heilt framt til Valgjerd tok grep om situasjonen for få år sidan . Det er sånn ho er. Innførar farge-tv og tilbyr seg heilt umotivert å køyre folk til jobben. I si tid var ho ikkje langt unna å legge ned P4, heller. Det er mulig ho er ein smule konservativ i abortspørsmål, og har sunge surt på eit tv-program med Dan Børge Akerø. Her må ein vere tolerant og sjå stort på det. Ho meinte sikkert det beste. Vi går alle på trynet ein gong i blant. Dessutan er alle som har vorte skjelt ut av Silje Stang, ein ven av meg.Ser deg i helvete, Valgjerd. Eg sitt her og ventar på deg.
Om andre har observert Valgjerd Svarstad Haugland i ein drøm, forventar eg full rapport.

torsdag 29. november 2007
Indira Gandhi
I førre veke leverte eg ein rimeleg «halvvegs» eksamensoppgåve om religiøs nasjonalisme i India. Dette har plaga meg litt, og for eit par netter sidan vart eg heimsøkt av oppgåva mi i ein drøm.
Eg har planar om å be med ei jente ut. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal gjere det, og bestemmer meg for å risse ei uadressert melding inn i ein betongvegg i nabolaget.
Neste gang eg går forbi, ser eg at eg har fått svar. Jenta seier at ho vil gjerne bli med meg ut. Klokka 7, om det går? Men ho blir nødt til å ta med mora si på daten. Og mora hennar er Indira Gandhi – tidlegare statsminister av India og dotter av Mahatma Gandhi. Når eg les dette blir eg nervøs, og vil ut av heile greia. Men det går ikkje. Det er rissa inn i ein betongvegg. Ein kan ikkje gjere om det som er rissa inn i betongveggar. Eg må gå. Faen, heller.
Eg møter dei på ein kafé i byen. Eg smiler og helsar høfleg på dei begge. Indira Gandhi seier ingenting. Ho glir ned på stolen og sett eit ondt blikk i meg. Daten min pratar til meg om ting ho har gjort i det siste, men eg får ikkje med meg eit ord. Eg er paralysert. Skrekkslagen stirrar eg tilbake over bordet mot Gandhi. Det var som eg hadde frykta. Ho veit. Ho har lest oppgåva mi. Og no vil ho ha hemn.

tirsdag 16. oktober 2007
Gruppeaktivitetar med vinkelslipar
På jobb har vi av og til slike kurs der vi må delta i diverse pedagogiske aktivitetar som er meint å sveise staben saman og stimulere til lagånd. Dette inneber for eksempel at ein person med bind rundt auga skal bli leda gjennom ulike hinder etter kommando frå ein kollega. Og slik lærer vi betre å kommunisere med, og stole på kvarandre.
Eg hatar dette. Eg finn det svært spekulativt at å krype blind og hjelpelaus rundt på golvet medan eg skallar hovudet mot pultar og bord, har noe som helst relevans for den jobben eg skal utføre, og eg innrømmer gladeleg at eg juksar i alle slike øvingar så langt det går.
I gårnatt manifesterte desse frustrasjonane seg i ein drøm:
Eg møter opp på kontoret ein ettermiddag, og blir tatt imot av ein stressa sjef som er i ferd med å legge ferske lik utover på golvet. Dei blir dekt av dyner og laken, slik at berre føtene stikk ut. Eg blir fortalt at lika skal brukast i praktisk gruppearbeid.
Vi går saman to og to. Den eine av oss får bind rundt auga og blir utstyrt med ein vinkelslipar. Den andre, altså meg, får beskjed om å gi instruksar til den blinde om kor han skal skjære.
Utan å nøle startar kollegaen min vinkelsliparen og tar til å massakrere den livlause kroppen.
Eg tør ikkje sjå på. Eg held hendene for ansiktet og ropar tilfeldige ordrar ut i lufta.
Når han andre vil vite korleis han ligg an, svarar eg berre ”litt lengre til venstre, men elles bra”.
Kroppen under lakenet viser seg å ikkje er heilt død likevel. Den tar til å sprelle og hyle i vill panikk, slik at sjefen min må komme bort å presse den ned i bakken før vi kan fortsette.
Etter eit par minutt bytar vi rollar, og det blir min tur til å slipe. Eg sender eit raskt blikk bort på liket, som utvilsamt no er eit lik, og blir møtt med eit urovekkande lykkeleg smil.
Uttrykket er sløvt og dopa, men smilet er genuint, og det sett ein støkk i meg.
Eg har kanskje aldri sett noen smile så iherdig. Spesielt ikkje ein død person. Spesielt ikkje ein død person der hovudet er skalpert og fylt med rosa veske som renn ut over panna og ned i munnvikene.
Eg får blindfold og blir fortalt at eg kan starte når eg vil. Heldigvis har eg greidd å jukse meg til ei lita glipe i bindet for auga, slik at eg kan sjå eit par centimeter framfor meg. I febrilsk leiting etter noe som kunne likne ein mindre grotesk del av kroppen å forgripe meg på, kjem eg over eit par tjukke insektbein som stikk ut frå lakenet. Eg kvestar dei. Det for vere nok.
Eg legg ned vinkelsliparen og seier at eg har gjort mitt.
På heimvegen møter eg ein anna kollega som seier han har starta ein blogg som heiter ”New thai”, der han søker opplutting til eit nytt militærregime som skal ta over verda. Bloggen har masse bildar av han i kamuflasjedrakt.
Analyse:
Her er det mykje sprøtt å ta tak i. Eg nøyer meg med å seie at eg er veldig fornøgd med den sarkastiske sansen til det sovande sinnet mitt, som spissfindig ser linken mellom pedagogiske gruppeaktivitetar og mishandling av lik med vinkelsliparar. Meir urovekkande er det at dette er andre gongen på kort tid at eg drømmer om maltraktering av døde menneske.

mandag 10. september 2007
Homofeiring på kjøpesenteret.
I gårnatt drømte eg at ein kjenning av meg fortalde meg at ho var blitt homofil.
For å feire tok eg ho med på eit kjøpesenter, der vi klatra opp på ei høg hylle i matvareforretninga og kasta ølflasker på folk som gikk forbi.
Etterkvart tok vi heile kassar med øl, og pælma dei på andre hyller slik at dei velta utover og knuste ein heil masse greier.
Butikken var dekt av glasskår, og folk sprang panikkslagne mot utgangen mens dei heldt seg for ansiktet.
Den kaotiske tilstanden inviterte til ytterlegare destruktiv åtferd, og snart var området fylt med diverse spekulativ aktivitet. Eg så for eksempel ein fyr frå jobben min stå ved ein stand og selje knivar til småungar.
Sjølv såg eg mitt snitt til å knabbe nokre varar frå dei raserte butikkhyllene. Desse inkluderte to boksar sider og ein pose tyrkisk peppar forma som nonstop.
Sistnemnte er det verste eg nokon gong har smakt i ein drøm.
Eg syns det burde vere tradisjon for å la homofile få blåse ut litt aggresjon når dei kjem ut av skapet. Det verkar naturleg å la folk hemne seg på lokalsamfunnet etter all frustrasjonen og presset det har påført dei. Å smadre ein matvarebutikk kunne vere passande kompensasjon.
I det minste burde staten steppe inn og arrangere ein utagerande fest for vedkommande, for tort og svie.

onsdag 5. september 2007
Dissekering av lik.
Her om dagen fortalde ein kompis av meg, som studerar medisin, om ein lab-time der han skulle undersøke lik. For han, involverte dette å løfte eit hovud (med restar av ryggrada dinglande frå halsen) i været, og vifte med det slik at medstudentar vart dårlege, og måtte forlate rommet.
Denne historia fikk meg til å drømme at eg sjølv var på ein lab for å dissekere forbrente menneskekroppar. Det heile var rimeleg grotesk.
Eg klarte meg bra heilt til tarmane i eit av lika begynte å angripe meg. Da mista eg kontrollen, og fikk totalpanikk. Det føltes som om hovudet mitt krympa innover, og at all luft vart pressa ut av meg. Veldig ubehageleg.
Etter at eg vakna, følte eg meg ikkje heilt trygg på at det ikkje låg lik med vondsinna tarmar under senga mi. Eg måtte sjekke fleire gonger før eg kunne konkludere med at dette ikkje var tilfelle.

fredag 10. august 2007
Meg vs. Satan
(Drømt tidleg på sommaren i 2003)
Dette er definitivt den tøffaste drømmen eg har hatt. Ikkje berre har den hendingsforløp og spenningskurve som korleis som helst oppblåst hollywood-produksjon; eg kan nesten ikkje tru kor forbanna barsk og heltemodig eg oppfører meg her. Dette er også grunnen til at eg enno huskar drømmen, og er villig til å publisere den for offentlig analyse og fortæring. Her får ni.
Men les den raskt – for eg reknar med det ikkje tar lang tid før Michael Bay ringer for å sikre seg produksjonsrettane.
Det er 17. Mai. Eg og ein kompis, Kristian, sit på rommet mitt med ein gamal kassettspelar og tar opp vilkårlige lydar. Ute på plena mi sit det noen hippiar som har gjort seg klar til å sjå 17. Mai-toget gå forbi huset. Dei har slått opp tipiar og speler på sure kassegitarar. Stemninga er god.
Vi går ut på trappa for å få eit glimt av den årlege hendinga. Det er masse rare grupperingar i toget. Spesielt merkar vi oss eit kor av vaksne speidarar iført Robin Hood-hattar og tyske lederhosen, som marsjerar disiplinert forbi med faner og diverse tilfang. Dei syng ein særdeles urovekkande melodi. Faktisk så urovekkande at Kristian bestemmer seg for å ta den opp på kassettspelaren og spele den baklengs.
Da får vi høre denne beskjeden: ”Satan i helvete. Satan i helvete. No kjem Satan for å ta over. Heil Satan i helvete, forever”. Det går noe kaldt gjennom lufta, og alle hippiane flyktar panisk med tipiane sine på ryggen.
Samtidig kjem tremenningen min springane andpusten inn verandadøra mi, og ber omstendig om at vi låser den straks. Han kan fortelje at noe drastisk er like om hjørne, og at vi burde finne oss våpen så fort som mulig. Med eitt høyrer vi knurring frå kjellaren min. ”Helvete” seier tremenningen min ”det har allereie begynt!” Bokstaveleg talt.
Vi lagar ein base på rommet mitt, og barrikaderer døra. Vi sit med lommelykter i ein ring på golvet og planlegg vår første offensiv. Onde skapningar har laga ein slags portal i kjellaren min, der det strømmer all slags djevelskap ut i frå. Og om vi ikkje handlar snart, vil dette få katastrofale følgjer. Satan har nemleg, som vi kjenner, gjennom subtile media meldt sin ankomst tidlegare i dag. Derfor må vi nedkjempe denne helvetesslusa med alle middel, forklarar tremenningen min. Eg er einig i det, men stussar litt på at dei midla han har utstyrt oss med er tre slitte fluesmekkarar av plastikk.
Eg får i oppdrag å vere spion og kartlegge rørslene til ondskapen som konspirerar i kjellaren min. Eg er ikkje veldig god til å spionere. Det tar ikkje lang tid før eg frikar ut av all spenninga, og tar til springe som ein villmann mot kjellaren for å få det heile overstått. Eg beinar i full fart nedover gangen, gjennom kjøkenet og rundar vaskerommet. Med eit brak blir kjellardøra splintra og ein robot av stein stig fram. Den ser ikkje veldig ondsinna ut - heller litt koselig å klossette. Vi blir ståande å kike forundra på kvarandre. Heilt til tremenningen min fyk forbi og daskar roboten iherdig på ryggen med fluesmekkaren. ”Ta han, da! Slå!”, ropar han.
Litt forfjamsa byrjar eg å smekke laus på den klossette skapningen, i håp om å utrette noe som kunne likne skade.
Kampen hamnar etterkvart på stua, og vi står kvar med vår robot og daskar så hardt vi kan. Medan Kristian og tremenningen min ser ut til å slite litt med å nedkjempe Satans legionar via fluesmekkarar, har eg oppdaga at det heile er eit spørsmål om tru.
Eg lukker auga og latar som det er eit sverd eg slyng rundt meg. Og det fungerar.
Eg utmanøvrar roboten gong på gong, og til slutt går han i bakken av rein forvirring.
Da blir fleire robotar delegert på meg, men eg lar meg ikkje stoppe av den grunn.
Eg hoppar opp på skuldrene deira, slik at dei krasjar med kvarandre, deretter spinn eg rundt i ein dødelig piruett og smekkar alle som står i vegen.
Dei fell som fluar rundt meg, og eg blir meir og meir gira. La dei komme, tenker eg mens eg grasiøst hamrar vidare. Kristian og tremenningen min ser på i vantru. Dei hadde vel ikkje eigentleg trudd at det var mulig å gjere så mykje ugang med ein pinne av plastikk.
Med eitt stoppar steinrobotane å kjempe. Dei blir ståande apatiske og stirre ut i lufta.
”Kom igjen da, mongorobotar” ropar eg kjepphøg som eg er. Men ingen høyrer på meg, for alle har redselsfulle auge planta på noe fryktelig bak meg.
Ute på plena mi står to raude, hårete hestebein med kvasse hovar planta i graset.
Eg følgjer beina oppover med blikket, og ser at dei er festa til ein bestialsk mannekropp utstyrt med store flaggermusvingar. Og på toppen; eit hovud med horn og to mannevonde glødande auge som nådelaust grev seg inn i mine.
Han står der avventande. No er det meg mot han. Meg mot Satan.
Med adrenalinet framleis pumpande på spreng i årene, går eg han raskt i møte og sender ein saftig neve i retning haka hans. Utruleg nok gjer ikkje Satan teikn til å ville forsvare seg, og slaget er ein fulltreffar. Det tar meg eit sekund å komme over det overraskande utfallet ved angrepet mitt, men er raskt ute med neste neve.
Igjen er angrepet ein suksess. No er eg ustoppeleg. Eg slepp laus eit hav av sinte nevar og smerte, mens Satan vaklar forslått bakover og klynkar i kontraregister.
Han bestemmer seg for retrett, og tar vingane fatt. Den slu jævelen.
Lynraskt slenger eg meg etter han, og får eit solid grep om horna hans før han lettar frå bakken.
Det bærs opp i lufta med oss begge, og vi sirkulerer over nabolaget mens han gjer sitt beste for å riste meg av ryggen hans. Eg kan lite anna gjere enn å halde meg fast.
Litt rådvill, får eg plutselig for meg at eg har ein stor brødkniv i lomma. Noe som viser seg å stemme. Eg tar til å sage og hakke laus på vingane til Satan. Han jamrar og skrik, og får etterkvart store problem med å flyge. Han er så godt som ferdig.
Og det er nok akkurat det han sjølv tenker når han gir opp å kjempe.
Med eit sjølvtilfreds smil rundt munnen, vender han heile kroppen 180 grader og set kursen mot huset mitt.
I eit siste forsøk på jævelskap, har han tenkt å smadre oss begge.
Vi styrtar som eit kapra fly. Men eg veit råd. Eg grip ein av dei fillette vingane hans og bryt den opp og til sides. Satan hyler når han oppdagar at vi ikkje lengre kjem til å kræsje mot huset mitt, men at eg har satt ny kurs mot ein telefonstolpe.
I kampens hete ser eg at Kristian nede på bakken står ved ein stor spake, og signaliserer til meg at alt er klart.
Eg forstår kvar han vil. Berre nokre meter frå kollisjon med telefonstolpen ropar eg ”BOOST!” og Kristian drar i spaken – noe som resulterer at heile telefonlinja lysar av overlading.
Samtidig sparkar eg føtene mine ned i ryggen til Satan. Eg går så vidt klar av stolpen, medan det raude beistet går hovudstups inn i den og blir grilla av elektrosjokk.
Eg landar trygt på ei tjukk grein i treet til naboen, og rekk akkurat å sjå Satan gå i bakken som ei forbrent kråke.
Han blir liggande på plena og vri seg.
Plutseleg blir greina eg står på treft av eit flygande objekt. Dette får den til å riste noko jævlig, og det er like før eg fell av. Når eg finn balansen, ser eg at greina er spidda av eit ninjasverd, berre eit par centimeter frå foten min.
Nede på bakken min står naboen og sonen hans og vinkar unnskyldande opp mot meg – dei driv visst å øver seg på å kaste sverd oppi treet, og oppdaga meg ikkje i tide.
Men eg ser dei ikkje, for eg er allereie i gong med mitt neste trekk.
Med eit godt grep om sverdet fyk eg ned frå treet i ufyseleg stor fart. Alt rundt meg forsvinn og blir erstatta av sånne fartsstripar som dei har under actionscenar i japansk animé.
Det einaste eg ser er dei glødande auga til Satan, og sverdspissen min som om få sekund vil bore seg inn i brystet hans.
Det heile ender i ein eksplosjon av lys, og eit brøl som får heile underverda til å dirre.
Når eg får synet tilbake finn eg meg sjølv på kne framfor sverdet, som stikk halvvegs ut av bakken. Kadaveret til Satan er spreidd som glødande aske utover plena.
Eg gjorde det. Eg tok han, faen meg. Eg drap Satan! Ha ha!
Eg kremtar barskt mens eg prøver å halde engasjementet tilbake.
Eg vil ikkje vere ein sånn fyr som nettopp har tatt livet av Satan, og syns sjølv det er dritkult, lissom. Det er patetisk.
Eg reiser meg, børstar av meg på buksa og prøver etter beste evne å virke rolig og ettertenksam mens eg traskar rundt på åstaden.
Det måtte gå som det gikk. Det var ikkje noe veg utanom. Du Satan, du Satan. Du gjorde dine val, du. Og no er du død. Tsk tsk.
Det heile tar seg ganske bra ut, heilt til eg får vanskar med å gå, og endar opp med å snuble flaut omkring.
For eg er ikkje lengre inni meg sjølv. Eg ser alt frå utsida. Kamera zoomar sakte ut og forsvinn bak dei høge trea i nabolaget, mens stereotyp rockemusikk fadar inn. Akkurat som på film.
Det er lett å la seg rive seg med av handlinga, her. Men no i ettertid ser eg at enkelte delar av denne drømmen kan verke heller spekulative. Særleg den delen der eg aleine kverkar Satan og heile hans onde imperium ved hjelp av ein fluesmekkar og ein brødkniv. Og det utan sjølv å få ei skramme. Var det heile litt for lett? Og korfor driv eg eigentleg å drømmer om at eg tar livet av Satan? Eg tenkar svært sjeldan på fyren. Kan det vere noko meir som ligg bak, her?
Eg har laga nokre teoriar:
1. Satan har komme for å ta over jorda. Eg drep han, og avviklar sannsynlegvis hans ondskapsfulle virke i drømmar for all framtid.
Dette er utgangspunktet vårt. Så langt har eg ikkje mottatt noko signal på at dette ikkje stemmer. Om noen har observert Satan i ein drøm, vil eg gjerne har rapport.
Den einaste innvendinga mi her, er at dette utfallet verkar litt for utopisk.
2. Satan har komme for å ta over jorda. Eg drep han tilsynelatande, og drømmar vidare i god tru om at eg har avvikla hans ondskapsfulle virke for all framtid. Dette gjer at den eigentlege Satan kan operere vidare i all hemmeligheit, mens eg kvilar uvitande på mine laurbær.
Eg drep altså ein slags surrogatsatan. Eventuelt; Satan gjorde seg dårleg med vilje for å lure meg. Viss dette stemmer, føler eg meg litt teit. Men sett på den lyse sida, så opnar dette for ein oppfølgjar. (Sett på den mørke sida, så sug alle oppfølgjarar)
3. Satan har komme til jorda for å gi meg ein viktig beskjed. Kanskje kuren for kreft? Men den onde tremenningen min eglar meg opp til å ta livet av han, og beskjeden går tapt for alltid.
Dette verkar plausibelt når ein tenkar på Satans manglande evne (eller vilje?) til å yte motstand, men skurrar litt i forhold til den delen der Satan prøvar å kræsje oss begge i huset mitt.
Kven veit. Kanskje hans vegar, lik Gud sine, er uransakelege.
Eg vil gjerne ha kommentarar, og forslag til andre teoriar. Eventuelt: Har noen fått overlevert kuren mot kreft i ein drøm?

Abonner på:
Innlegg (Atom)